TYSNES

FESTDRAKT

TYSNES FESTDRAKT

Bergflette er Tysnes Kommune si plante. Tysnesfest bruker fyrlykta mykje i si marknadsføring.
Dei to motiva er difor valde til hovedmotiv i festdrakta.

 

 

JENTE / DAME

Stakken er i blå ulldamask med ein svart kant av ullklede nederst.

Vesten er i blå ulldamask med blomstrete silkeband.

Forkle er og i blå ulldamask med silkeband og fløyelsband i nedkant,

eller eit handvevd forkle kor dei same fargane går att.

Skjorta har to valfrie utgåver, ei heilt enkel utan brodering og ei med ein spesiell Hardangersaum på hals og ermlinninga.

Beltespenna er ei fyrlykt med eit bergfletteblad på kvar side laga i sølv.

Vesten har tre par bergfletteblader i sølv med ei sølvlenke som held livet saman framme.

Silketørkle Aurora fra Tyrihans set ein ekstra spiss på drakta.

Svart cape med grønt for passar godt til på kalde dagar.

 

 

GUT / HERRE

Vesten er i same blå ulldamasken som i jente/damedrakta.

Buksa er alternativt lang eller nikkers, med gylf eller «låkabrok».

Jakka er i same svart ullstoffet som buksa.

Hjorteskinn kan leggjast i sidesaum på buksa og til kanting.

Som eit noko  orginalt alternativ til sølvknappar kan knappar
laga av hjortegevir brukes på både vest, bukse og jakke.

 

 

 

OM MARIT NANCY

Drakta er designa og utarbeida av Marit Nancy Allard Gjøvåg.

 

Utdanning og erfaring:

Saum og forming som valfag på ungdomsskulen.

1 år ved Einar Granum's tegne- og malerskole.

 Formingslina ved Fjordane folkehøgskule.

Vevlina ved Heimyrkjes-skulen i Jølster

samt veving og butikkarbeid hos Audhild Vikens Vevstove.

Starta Gjøvåg sy- og vevstove i år 2000 og vever åkler og syr
festdrakter på bestilling samt justere bunader og veileder kunder.

 

Gjøvåg sy- og vevstove. E-post: maritnag@gmail.com  Mobilnr: 99 51 85 92

 

 

GJØVÅG SY OG VEVSTOVE

MARIT NANCY ALLARD GJØVÅG

e-post: maritnag@gmail.com  mobilnr 99 51 85 92

 

 © Bladet Tysnes AS  Foto: Marit Nancy Allard Gjøvåg